Lagbildet Frivillighet Norge cropped-small sizeFrivillige, tillitsvalde, medlemmer og deltakarar er den viktigaste ressursen i frivillige organisasjonar. Dei fyller alle viktige roller. Dei sørger for at organisasjonen finst, og dei har forventningar og krav. Felles for dei er at dei må rekrutterast!

(Foto: Pudder Agency/Sara Angelica Spilling & Frivillighet Norge.)
Å rekruttere og halde orden på alle, er ei viktig oppgåve som organisasjonar må forvente å bruke tid på. Dette handlar både om det administrative arbeidet, men ikkje minst om å få folk med seg, og om å rekruttere mangfaldig. Å rekruttere mangfaldig, slik at organisasjonen speglar alle i målgruppa si er viktig for korleis organisasjonen blir oppfatta av omgjevnadane.

Organisasjonar kan ha god nytte av å lage ein strategi for rekruttering. Kven skal vi rekruttere, når skal vi rekruttere, korleis skal vi administrere arbeidet og korleis får vi folk til å trivast i organisasjonen? Og – finst det gode verktøy vi kan ta i bruk?

Finn barrierane for å rekruttere mangfaldig!

Befolkninga i Noreg er meir mangfaldig enn då mange av dei frivillige organisasjonane i Noreg blei til. Organisasjonar har i dag eit større etnisk, kulturelt og religiøst mangfald å rekruttere frå.

Auka fokus på at kjønnsnormer, funksjonshemmande omgjevnader og sosioøkonomisk ulikskap kan vere barrierar for deltaking viser at organisasjonar må tenke gjennom korleis dei skal rekruttere for å spegle befolkninga. Etter koronapandemien har mange mista fellesskapa dei hadde, og faren for auka einsemd er stor.

Snarare enn å tenke at det er vanskeleg å nå nye, kan ein undersøke om «det er vanskeleg å bli med i vår organisasjon». Har øvingslokalet ei krevjande trapp er det kanskje det ein må gjere noko med. Korleis kan vi unngå at prisen for aktivitetar og medlemskap ekskluderer nokon frå å delta? Har vi tenkt på å forklare korleis fritidsaktivitetar i Noreg er organisert, til foreldra til barn som har flytta hit frå eit anna land?

Kven vi er eller føler oss som, kvar vi skal, om vi kjenner til frivillige organisasjonar eller har nokon som inviterer oss med varierer. Når frivillige organisasjonar skal rekruttere er det viktig å tenke over om organisasjonen har nokre barrierar for å kunne rekruttere og inkludere alle i samfunnet. Her kan de sjå kurs og workshops om temaet hos Frivillighet Norge. 

3 verktøy for å rekruttere og inkludere

Ei av dei største barrierane vi i organisasjonar har er at vi rekrutterer dei vi kjenner frå før. På den måten er det vanskeleg å få med nye og å auke mangfaldet i organisasjonen.

Frivillighet Norge har mykje kunnskap om kven som er med, og verktøy for å rekruttere breiare enn før.

1.Frivillig.no

Frivillig.no er ein digital rekrutteringsportal. Her kan de legge ut oppdrag de treng frivillige til. Ingen oppdrag er for små eller store! Både kaffikokarar, tillitsvalde og leiarar for aktivitetar trengs.

Frivillige organisasjonar, frivilligsentralar, kyrkjelydar og kulturfestivalar kan bruke Frivillig.no. Er organisasjonen registrert i Frivillighetsregisteret i Brønnøysund er den automatisk godkjent for å bruke Frivillig.no. Alle som ser etter frivillige oppdrag kan finne organisasjonar dei har lyst til å engasjera seg i. På den måten når frivillige organisasjonar langt ut over dei nettverka dei har frå før.

Frivillig.no er gratis å bruke både for organisasjonar og folk som ser etter oppdrag. Årleg kjem det inn meir enn 20.000 meldingar frå folk som vil bli frivillige gjennom Frivillig.no. Over 4.000 organisasjonar brukar Frivillig.no. Bli med du også og finn fleire frivillige. Det verkar! Av dei som melder seg svarar 40% at dei er under 30 år. 35% har aldri vore frivillige før, og 27% har foreldre født utanfor Norden. Desse er det mange organisasjonar som ynskjer å få tak i!

1.Ungfritid.no 

Mange barn og unge er ikkje med fordi dei og foreldra deira ikkje kjenner til kva fritidsaktivitetar som finst. Ungfritid.no er ei digital oppslagstavle der frivillige organisasjonar kan presentere sine varige fritidsaktivitetar for barn og unge opp til 26 år. Slik blir det enklare for frivillige organisasjonar å finne deltakarar, og enklare for barn, ungdom, føresette og andre å finne fritidsaktivitetar.

Det er gratis for både organisasjonane som skal registrere sine tilbod og barn og unge som skal finne aktivitetar. Ungfritid.no bygger på same digitale plattform som Frivillig.no.
På Ungfritid.no ha vi også samla støtteordningar som kan vere til hjelp for å dekke kontingent, utstyr og anna som trengs. Finn støtteordningane på Ungfritid.no her

3. Mangfaldsplakaten

Medlemmane i Frivillighet Norge vedtok Mangfaldsplakaten på årsmøtet i 2020. Plakaten har mange punkt organisasjonar kan bygge arbeidet med å auke mangfaldet på. De kan bruke plakaten i utforminga av prosjekt og handlingsprogram og for å vise at de vil vere ein inkluderande og mangfaldig organisasjon.

Gjennom overskriftene “ville”, “gjere” og “sjekke” understrekar Mangfaldsplakaten at arbeidet med mangfald er ein prosess. Å jobbe for mangfald handlar ofte om å finne nye måtar å gjere ting på. Leiinga i organisasjonen har ansvar for å møte endringar, inspirere og utvikle organisasjonen. Vi må bestemme oss for kva vi vil, og kva vi skal gjere for å nå måla våre for mangfald. Vi må sørge for rutinar for å følge opp og sjekke om vi lukkast med tiltaka. Her kan de lese om korleis de kan bruke og signere Mangfaldsplakaten. 

Signert_Mangf-pl-logo-Farget-bagrunn-NYN

9 inkluderingstips frå Frivillighet Norge

  1. Tenk over kva som kan vere tersklar for å delta i organisasjonen. Då er det lettare unngå desse og å finne løysingar.
  2. Synleggjer at alle kan delta i organisasjonen, uavhengig av bakgrunn, økonomi, funksjonsevne eller utdanning.
  3. Auk merksemda på å inkludere personar med minoritetsbakgrunn. Unngå at språk, organisasjonskultur, matvanar eller aktivitetar skaper barrierar.
  4. Unngå at krav og forventningar til kva føresette skal stille opp med blir ein terskel for barn og unge si deltaking.
  5. Tenk over kva som gjer at aktivitetar kostar. Sjå om de kan redusere kostnadane og unngå at utgifter til utstyr, reiser og billettar hindrar deltaking.
  6. Sjå om de kan tilby gratis eller rimelege aktivitetar for å skape arenaer som er mest mogleg opne for alle.
  7. Spør dei de ynskjer å legge til rette for, kva som skal til for at dei kan delta.
  8. Etabler kontakt med kommunen. Samarbeid kan gjere tilboda dykkar meir synlege, og de kan få meir informasjon om korleis de kan bidra til at fleire kan delta.
  9. Ta i bruk nye måtar å rekruttere på gjennom Frivillig.no, Ungfritid.no og Mangfaldsplakaten.

Fakta om frivillig sektor

78 % av befolkninga er medlem i minst en organisasjon. Det er mange, men vi veit også at fleire ville bli med om dei vart spurt. På faktasida vår finn de Frivillighetsbarometeret som vi lagar kvart år. Her kan de lese om frivillig innsats, medlemskap og verdiskaping i frivillig sektor

Vi du vite hvordan du maksimerer frivilligheten i din organisasjon? Last ned guiden under. Her har også Frivillighet Norge bidratt. 👇

Last ned: Den store frivillighetsguiden